Frå St.Petersburg til Sandane

Artikkel av Firda Tidend; Journalist Jan Nik. Hansen.

Les heile saka på nettsidene til Firda Tidend

 

Strukturplast har ikkje problem med å rekruttere høgt kvalifiserte tilsette. Anton Akulichev er eitt av fleire døme. Han flytta med kone og to born frå St. Petersburg til Sandane.

Bilde: Anton Akulichev har doktorgrad i produktutvikling og materialbruk frå NTNU der han studerte i tre år. Han har arbeidd for FMC Technologies på Kongsberg som produserer undervassutstyr for oljeindustrien og ved Polyteknisk Institutt i St. Petersburg. Foto: Firda TIdend

 

Tilfeldig

Etter at han forsvarte doktoravhandlinga si hausten 2017 fekk han jobb hos det delvis statseigde selskapet Gazprom som er den største olje- og gassleverandøren i Russland med 300.000 tilsette (Wikipedia). Der slutta han i fjor for å jobbe for Strukturplast.

Som ofte i livet skjer viktige kursendringar tilfeldig.

-Eg møtte igjen professoren som var rettleiaren min i doktorgradsarbeidet ved NTNU på ein konferanse. Han tipsa meg om at Strukturplast trong ein person med min kompetanse, fortel Anton på godt forståeleg norsk. Dermed tok han kontakt.

 

-Eg inviterte han hit og presenterte bedrifta, produksjonen og planane våre for han, fortel dagleg leiar Frode Lindvik. Ein tur i Trivselsskogen vart det også tid til, smiler han.

 

Lita brikke

Det var nok til å overtyde Anton, som slett ikkje kom til Sandane åleine, men med kone og to born, ein gut på eitt år og ei jente på seks. Kanskje lurer du på kvifor Anton valde vekk St. Petersburg og ein sikker jobb i eit delvis statseigde selskap til fordel for Sandane? Svaret er enkelt, meiner han.

-Gazprom er eit veldig stort selskap med ein stor organisasjon der eg kjende meg som ei ubetydeleg brikke utan høve til å påvirke, fortel han.

Han har fått eit positivt intrykk av Strukturplast.

-Eg tykkjer det er ein veldig triveleg plass å arbeide. Eg har fridom i jobben til å arbeide sjølvstendig, og eg kan arbeide med ulike ting og gjere materialeksperiment. Strukturplast er ei veldig interessant bedrift som ønskjer å forbetre prosessane og dermed produkta. Eg trur eg kjem til å like meg, smiler Anton.

 

Stort forskingsprosjekt

Årsaka til at Anton Akulichev er tilsett hos Strukturplast er at dei har starta landets største forskingsprosjekt innan plast.

-Vi skal forske på plastmaterialar med nye eigenskapar. 90 prosent av marknaden vår er interessert i produkt til hav og sjø det ikkje gror på. Det er ei ambisiøs problemstilling mange har prøvd å løyse i mange år, seier Frode Lindvik.

Desto større er potensialet om dei lukkast. Forskingsprosjektet har eit budsjett på 24 mill. kroner der halvparten er tilskot frå Forskingsrådet. I prosjektet vert også eksterne institutt leigde inn til å teste ulike plasttypar i ulike bakteriekulturar.

 

For å lese mer om Strukturplast sin satsing inn mot fremtiden kan du lese resten av artikkelen på nettsidene til Firda Tidend.

Det er spennende lesning hvor Daglig leder Frode Lindvik beskriver Strukturplast sin satsing inn mot fremtiden innenfor forskning og utvikling, rekruttering av fagkompetanse og bransjeutvikling gjennom klyngesamarbeidet NCMT – Norwegian Center for Material Technology.